Omveg til leir

Omveg til leir

Tekst: Deborah Ognøy, Dato: 09.07.22

Det var fleire som reiste langt for å koma seg til Gnist. Det var gjester på leiren frå Alta i nord til Frankrike i sør. Reisevegane var lange og mange, og fleire hadde problem med kansellerte fly, eller store mengder vegarbeid. Magnus Gullbrå var ein av dei som fekk ei alternativ reiserute til landsleiren.

Mjølkerute deluxe

Magnus Gullbrå stod på jobb i Lofotakvariet i Kabelvåg då han fekk melding om at flyet hans var kansellertm ein time før han skulle ta flybussen til Narvik. Eg stod med ein breiflabb mellom beina, fekk melding om at flyet var kansellert og tenkte “oh shit”.


Han var nøydd til å finna eit nytt alternativ så fort som mogleg. Etter å ha sjekka dei næraste flyplassane, fann han eit fly som gjekk frå Leknes til Bodø. Om han gjekk frå jobb med ein gong, ville han koma til flyplassen ein time før flyet skulle gå. Han hadde ikkje tid til å dusja, og lukta fisk då han drog.

Allereie på første busstopp starta problema. Bussen vart 20 minutt forsinka, men Magnus var framleis positiv. Han hadde framleis 40 minutt til flyet skulle gå. Bussturen vidare vart også problematisk, for turen som vanlegvis tar omlag ein time, tok denne gongen halvannan. — På kvart einaste busstopp frå Svolvær til Leknes var det anten ein turist som ikkje kunne vegen, eller ei gammal dame som måtte berast av bussen.


Bussen stoppa eit stykke frå flyplassen, og derifrå sprang Magnus så fort han klarte med full bagasje på slep. — Medan eg spring tenker eg: Rekk eg flyet akkurat, dette går kanskje bra? Og der såg eg flyet mitt fly.

Widerøe var heldigvis hjelpsame, og Magnus vart ombooka på raskaste rute til leir. Den nye ruta kan kallast ei ekte mjølkerute. Ho gjekk frå Leknes til Bodø, Brønnøysund, Trondheim og Bergen før han til slutt landa i Stavanger. Med ei åtte timar lang mellomlanding i Trondheim, vart ein sek timar lang reiseplan til ein 24 timars tur til leir.

Magnus Gullbrå

Foto: Lars Røraas